Nyheter

Hydrowave inntar Ocean Energy Europe

Geir Arne Solheim frå Hydrowave er invitert til å fortelje om teknologien deira på Ocean Energy Europe conference & Exhibition

Ocean Energy Europe er det største nettverket av profesjonelle aktørar innanfor havkraft i verda. Målet deira er å skape eit sterkt miljø for utvikling av havkraft, samt å auke tilgang til finansiering.

Dette nettverket står bak konferansen Ocean Energy Europe Conference and Exhibition, eit leiande arrangement om havenergi som i år finn stad i Nantes, Frankrike, 25.-26. oktober. Her er det venta 400 + aktørar frå ulike delar av sektoren frå over 20 land.

Geir Arne er invitert til å fortelje om si oppfinning Havkraft Wave Energy Converter (H-WEC). Dette er ein bølgjekraftkonverter som er kjerna i ei løysing som kan nyttast i ulike former og hybridar. Ingen andre har testa bølgjekraftverk i så tøffe forhold som ved Stad i Sogn og Fjordane, så ein viktig del av presentasjonen vil omhandle prototypetesten som vart støtta av Miljøteknologiordningen til Innovasjon Norge.

Her kan du lese Firdapostens artikkel om Hydrowave på trykk 21.9.17

Her kjem du til nettsida til Hydrowave

Publisert: 22.09.2017 11:38