Nyheter

Vekas verksemd er Nordic Emballasje

Kvar veke kan du bli betre kjend med ei av medlemsverksemdene til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Denne veka presenterer vi Nordic Emballasje i Måløy, tidlegare kjent som Moldøen Supply. Avdelingsleiar Rune Kristiansen er opptatt av lokal verdiskaping og meiner det er unødvendig å «gå over bekken for å hente vatn».

Etablert:1997
Tilsette:14
Omsetnad:95 mill
Avdelingar: Nordic Emballasje har hovudkontor i Hokksund og avdelingskontor i Måløy, Ålesund og Båtsfjord, samt samarbeidspartnarar i Danmark og Litauen

Fortel om Nordic emballasje

Moldøen Supply, som var namnet til avdelinga i Måløy tidlegare, har dei siste 14 åra vore ein totalleverandør på hamna i Måløy. Hovudfokus har vore emballasje, proviant, arbeidsklede og rekvisita. Tidlegare i år slo vi oss saman med Nordic emballasje som har hovudkontor i Hokksund. Som vårt nye namn tilseier har vi fokus på emballasje, der vi tilbyr eit fullsortiment av emballasje til både landindustri og havflåten. Men avdelinga i Måløy vil fortsette med det gode tilbodet og levere proviant og rekvisita til flåten som kjem innom oss og områda rundt.

Kva moglegheiter har samanslåinga med Nordic emballasje ført til?

Det er fleire positive aspekt med denne samanslåinga, blant anna har vi tilsett ein ny person ved kontoret i Måløy. Vidare har vi fått til tilgang til eit mykje større sortiment på emballasje. Vi kan heller ikkje legge skjul på at området rundt Ålesund er vårt nye hovudnedslagsfelt.

Kva varer og tenester kjøper de eksternt?

Vi kjøper dei fleste varer eksternt gjennom gode samarbeidsavtaler med både lokale, nasjonale og internasjonale bedrifter. For avdelinga i Måløy er det hovudsakeleg Norgesgruppen vi jobbar tettast med, butikkar som Spar, Kiwi samt Kreamer. Men vi har alltid levd etter prinsippet at «man treng ikkje gå over bekken for å hente vatn», så vi samarbeider med det meste av lokalt næringsliv i Måløy.

Har de ein utfordring til Maritim Forening Sogn & Fjordane?

Vår utfordring til Maritim Foreining er å bli meir retta mot fiskeri og oppdrett. Det er her ting skjer og kjem til å skje i framtida.

Kva er planen for neste år?

For neste år er planen at vi skal bli meir synleg overfor kundane våre. Nor-Fishing er eit flott utstillingsvindauge for å bli meir synleg, så der skal vi vere godt representert. I tillegg skal vi sjølvsagt jobbe for å halde på den gode kvaliteten vi har levert i alle år.

Kva er verksemda sine ambisjonar framover?

Ambisjonen vår er å bli ein nasjonal føretrekt leverandør på emballasjesiden samt befeste og auke vår posisjon i landa rundt oss.

Publisert: 29.09.2017 10:37