Nyheter

Newton-rommet i Florø offisielt opna

Energi og havrom er sentrale fokusområde i det nye Newton-rommet i Florø. I dag blei rommet offisielt opna av fylkesordførar Jenny Følling. Tilreisande frå nær og fjern kom med mange lovord og ønskte lukke til med bruken av rommet. Blant dei som heldt innlegg var Sigurd Øistein Døsen frå hovudsponsoren Statoil.

Satsar på havrommet

Flora kommune har etablert Newton-rommet som ei oppfølging av nasjonale føringar for satsing på realfag. - I framtida skal ungdommane våre skape nye berekraftige arbeidsplassar. Gjennom opplevingar i Newton-rommet vil elevane bli inspirerte til vidare engasjement og yrkesval innanfor teknologi og realfag. Dette kan bidra til å sikre energibransjen, havbruksnæringa og anna næringsliv kompetent arbeidskraft i framtida, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgjevar i Flora kommune.

Undervisningsmodular

Barnehagebarn og elevar til og med vidaregåande skule kan nytte Newton-rommet. Ei rikhaldig teknisk utrusting gjer rommet til ein spanande arena for formidling av teknologi og realfag. Dei første undervisningsopplegga omhandlar energi, havbruk, marine ressursar, programmering og datastyring.

Samlokalisering med Byakvariet

Byakvariet er allereie ein attraksjon i Florø. Newton-rommet er med hensikt lokalisert her for å skape ei endå sterkare eining. - Eg gler meg skikkeleg til å kome i gang, seiar Monicha Landøy. Ho driv FloraFauna Byakvariet og vil få ansvar for den daglege drifta av Newton-rommet.

Samarbeid er suksess

Det har vore arbeidd i tre år med oppretting av Newton-rommet. Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og GCE Subsea, Arne Olsen frå Aksello og Tone Aasrud frå Flora kommune har danna prosjektgruppa som med god støtte fra PetroFlora no har realisert Newton-rommet.
- Støtta frå næringslivet har vore heilt avgjerande for å realisere dette prosjektet. Vi takkar alle for fantastisk bra støtte og gode bidrag, seier Trond Strømgren og Arne Olsen.

Økonomi

Flora kommune har leia byggearbeida og skal eige og drive Newton-rommet. Etableringa har eit samla budsjett på nesten 4 millionar kroner. Statoil ved Morgendagens helter er største sponsoren med ei løyving på 1,2 millionar. Det er grunnlaget for den offisielle nemninga Newton ENGIA-Statoil Energirom. Det er mange andre viktige bidragsytarar:\ Botnaneset Industriselskap, Marine Harvest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane fylkeskommune, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS, Marø Havbruk AS, Sulefisk AS, Flokenes Fiskefarm, Steinvik Fiskefarm AS, Laksens dag, Svanøy Havbruk AS, Salmon Group, Sogn og Fjordane Energi, Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane

Avbilda: frå venstre Sofie Førde Torvanger, Alexander Areklett, Monicha Landøy (Flora Fauna), Ola Teigen (ordførar Flora kommune)

Publisert: 06.10.2017 07:35