Nyheter

Vekas verksemd er Stryvo

Kvar veke kan du bli betre kjend med ei av medlemsverksemdene til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Denne veka presenterer vi Stryvo Stryn AS og deira nye daglege leiar Per Ivar Roald. Dette er ei verksemd med mange bein å stå på og eit mål om å bli ei av Norges mest moderne produksjonsbedrift.

Etablert: 1947 som Stryn Vognfabrikk
Tilsette:40 i Stryn, 70 totalt
Omsetnad: 50 MNOK i 2016, ca. 70 MNOK i 2017
Avdelingar: Stryvo Stryn er ein del av Stryvo Group, som også har selskap på Bismo og i Oslo. I tillegg har dei ein verkstad i Florø.

Fortel om Stryvo

Stryvo er ei moderne mekanisk produksjonsbedrift med spesialisering på maskinering og sveis av metall. Vi leverer maskinerte komponentar og konstruksjonar til industriar som bygg og anlegg, olje og gass, maritim og fornybar energi.

Stryvo Stryn leverer spesialløysingar til internasjonale selskap som blant anna ABB, Rolls-Royce, Kongsberg, Aibel etc. Det at vi er ein fleksibel leverandør med ein moderne maskinpark og høg kompetanse innan sveising gjer at vi kan levere spesialløysingar raskt og med god kvalitet.

Korleis handterer Stryvo svingande marknader?

Som nemnt overfor jobbar vi mot ulike marknader, som gir oss fleire bein å stå på. Dei siste åra har det vore trått innanfor olje og gass, då har vi fått fleire krevjande og spennande prosjekt innan bygg og anlegg. Blant anna har vi bidratt til det flotte bygget på Hoven (Loen) gjennom den lokale entreprenøren HS bygg. Eit anna spennande prosjekt var for Lefdal Mine Datacenter, der vi leverte stålstrukturen som fungerte som hyllesystem for data containerane. Eit siste eksempel på variasjonen av arbeid vi utfører er at vi akkurat fullførte ei spesialbru og diverse anleggsarbeid på Sognefjellet, til den nye innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark.

De har nyleg bevega dykk inn på eit nytt arbeidsområde på Møre, fortel!

Vi har lenge hatt mykje aktivitet med bedrifter på Sunnmøre innanfor fiskeindustri, skipsbygging og andre utstyrsleveransar. No er vi i gang med ei anna spennande satsing på Sunnmøre, innanfor fornybar energi ! Vi samarbeider med svenske Waves4Power, som står bak det første bølgjekraftverket i Norge som produserer straum til straumnettet. Dette er plassert rett utanfor Runde på Sunnmøre. Stryvo har overtatt eit stort produksjonsanlegg på Fiskåholm, som tidlegare var eigd av Ulstein verft. Her skal vi produsere bøyer til bølgjekraftanlegget. Planen er å produsere den første Next Generation bøya i 2018, deretter er målet masseproduksjon. Dette er eit veldig interessant prosjekt å kome i gang med.

Har de ei utfordring til Maritim Foreining Sogn & Fjordane?

Stryvo leverer i ein kvardag med samhandling med store internasjonale aktørarar og mange lokale aktørar. Vi ser gang på gang at vi klarer å vinne og gjennomføre flotte prosjekt i tett samarbeid med lokale kundar og leverandørar. Vi synes derfor det er viktig at Maritim Foreining S&F bygger opp om dette samarbeidet og vi vil gjerne utfordre dykk på å sjå på korleis ein kan få tettare samarbeid både mot sør og nord – begge er viktige regionar for den lokale industrien.

Kva er planen for neste år?

I 2018 har Stryvo Stryn planer om å utvide anlegget – nok ein gang – og fortsette å utvikle oss vidare. Vi ønsker å investere i nye robotar for sveising av spesialløysingar, slik at vi kan auke konkurranseevna vår ytterlegare og forsøke å holde mekanisk produksjon i Norge. Med høg kompetanse på maskinering, sveising og entreprenør ser vi eit potensiale for å vekse ytterlegare innan bygg og anlegg.

Kva er verksemda sine ambisjonar framover?

Den langsiktige målsetjinga til Stryvo er å være ein attraktiv og spennande bedrift å jobbe i. Vi ønsker å utvikle oss til ei av Norges mest moderne produksjonsbedrifter og sikre at denne type bedrift har ei framtid i eit høgkostland. Vi vil jobbe for å styrke vår posisjon med kundar innan fleire industriar og vi ønsker å bli oppfatta som ein truverdig partner for framtidsretta løysingar.

Publisert: 06.10.2017 11:09