Nyheter

Fiskeri er viktig for Flora kommune

Fiskeri og havbruk er ei av dei viktigaste næringane i Flora kommune og skapar store verdiar for lokalsamfunnet.

Flora har den største havgåande garnflåten i Norge, store ringnot- og kystfartøy i tillegg til mange sjarkar. Til saman utgjer dei ein betydeleg mengde arbeidsplassar i kommunen.

I romjula samla reklamebyrået A til Å store delar av fiskeflåten for å ta eit nytt fiskeribilete. Dette gjorde dei for å vise at kommunen har ein moderne og oppegåande fiskeflåte. Det førre ikoniske fiskeribiletet frå Florø blei teken av dagleg leiar Malvin Horne sin far Malvin N. Horne i 1956, så no var det på tide med eit nytt! Det blei mange gode bilete frå dagen og eit av dei ser du øvst i denne saka. Næringa har endra seg over tid og vi ser no at fiskeriet i Flora er samla på færre hender, men med større og meir moderne båtar med auka kapasitet. Eit godt eksempel på moderniseringa innan fiskeri er Fiskebas, den største båten plassert midt i bildet. Den er så effektiv at den hentar opp heile kvota etter kun fire månaders fiske. Fiskebas er ein av dei "fem store" fiskebåtane i Florø, etterfølgt av Bluefin, Skjongholm, Fanøyvåg og Breivik Junior.

Fiskeri har ringverknadar

Fiskeri har store ringverknadar for lokalmiljøet. I 2016 berekna forskarar i SINTEF at for kvar krone i fangstverdi blir det skapt produksjonsverdiar for 3,50. Av dette er det ringverknadar på 2,30 framover og 1,20 bakover i verdikjeda til utstyrsleverandørar og liknande. Med den største havgåande garnflåten i Norge, er dette godt nytt for næringslivet i Flora kommune.

Bilde er frå A til Å Grafisk Design og Media.

Publisert: 05.01.2018 11:35