Nyheter

Denne veka tar vi pulsen på: Westcon Yard Florø

Det siste 1 ½ året er de blitt kjend med medlemmane til Maritim Forening Sogn og Fjordane gjennom «vekas verksemd». No tar vi steget vidare med «fredagspulsen». Her tar vi pulsen på den havbaserte næringa i Sogn og Fjordane. Første verksemd ut er Westcon Yard Florø og vi har prata ved plassjef Mikael Johansen, som kan melde om aukande aktivitet.

Fortell oss litt om status i di verksemd

Vi på Westcon Yard Florø er svært glade for å sjå at aktiviteten på subsea og fabrikasjon er høg og aukande. På skipssida derimot har vi ledig kapasitet og jobbar for å få fleire oppdrag.

Når det kjem til nye kontraktar, så har vi den siste tida fått fleire nye innan nybygg av subseastrukturar for fleire ulike kundar. Det er stor aktivitet med førespurnader innanfor dette segmentet og vi har tru på høg aktivitet framover.

Av andre nye kontraktar vil eg nemne Osstrupen bru, betongbrua som ligger på vegen mellom Eikefjord og Stavang. Her skal vi saman med NCC installere eit rammeverk i stål innvendig i brua og jekke den opp. Ei slags bru inne i brua.

Kva kundar samarbeider du med?

Westcon har mange forskjellige kundar. Dei mest aktuelle for tida er TechnipFMC, Statoil, Subsea 7, One Subsea, Nexans Karmsund Protein, NCC og Saipem. I tillegg har vi ei lang rekke med reiarlag som har båtar ved kai og i dokk som til dømes Artic, Remøy og Forsvaret.

Fortel oss litt om marknaden Weston er ein del av

Vi ser ein auking på både prosjekt og førespurnader innan subsea. Vi trur at dette i neste omgang vil gje meir aktivitet både på rigg og skip.

På andre sida ser vi fallande etterspurnad innanfor reparasjon og klassing av skip. Dette kjem sjølvsagt av nedgangen i petroleumssektoren. Mange skip ligg i opplag og reiarlaga ønsker så lave kostnadar som mogeleg på skipa som er i oppdrag.

Sei noko om kva kompetanse som er strategisk viktig for dykk på verftet?

På skip er det viktig å ha gode prosjektleiarar, leiarar i produksjon og dyktige operatørar innan plate/sveis, røyr og mekanisk. Vi har den siste tida rekruttert fleire nye, både ingeniørar, prosjektleiarar og subsea mekanikarar. Framover vil vi rekruttere fleire ingeniørar og produksjonsleiarar.

Kva tenker du om framtida?

Den største utfordringa vi ser for tida er knytt til oppdrag på skip som nemnt ovanfor. Vi har så langt ikkje satsa på nybygg og når det er lite tilgjengelege oppdrag på reparasjon og klassing slit verftet med nok aktivitet.

Men det er mange gode moglegheiter framfor oss. Vi har eit godt anlegg, flinke tilsette og dyktige underleverandørar. Saman er vi i stand til å skape og utføre eit breitt spekter av prosjekter. Dei treng ikkje nødvendigvis vere knytt mot offshore og oljenæringa. Vi har den siste tida utført store oppdrag for fiskerinæringa, då vi bygde og installerte tankanlegget til Karmsund Protein og vi ser moglegheiter for fleire tilsvarande oppdrag. Vi har også gjennomført og jobbar med nye oppdrag innan bygg og anlegg, samt innan smelteverkindustrien.

Korleis kan Maritim Foreining Sogn og Fjordane bistå inn i framtidsbiletet?

De er flinke på å skape kontaktflate og sjå koplingar mellom bedrifter og prosjekt. Eg er sikker på at de vil fortsette det gode arbeidet framover.

Publisert: 12.01.2018 12:19