Nyheter

Student- og kompetanserekruttering – ei felles mobilisering

Korleis kan vi som bedrifter vere med å gjere Sogn og Fjordane attraktivt som studiestad? Og seinare som karrierestad? Dette er ei oppmoding til næringslivet om å bidra med konkrete og samordna tiltak inn i ein felles mobilseringskamp for student- og kompetanserekruttering i regionen vår.

Gjennom godt samarbeid på tvers i fylket har vi dei siste åra fått tilrettelagt gode og relevante studium for næringslivet. Og all statistikk viser at majoriteten av dei som tar høgare utdanning i fylket blir værande i fylket når dei går ut i arbeidslivet. Difor er eit nært og godt samarbeid mellom næringsliv og høgskulemiljøa våre særdeles viktig for å lukkast i kompetanserekrutteringa framover. Skal fylket vinne denne kampen om studentane og talenta, må vi synleggjere attraktiviteten i både studia og karrieremuligheitene.

Heilt konkret så ønskjer vi at verksemdene legg til rette for, og forpliktar seg til eitt eller fleire av følgjande tiltak:

  • relevante sommarjobbar, ekstrajobbar og prosjektarbeid under studietida.
  • tilgang til gode bachelor- og masteroppgåver.
  • tilby studentane å delta i relevante nettverkssamlingar.
  • andre attraktive tiltak som de meiner vil treffe målgruppene dykkar.

Tilbakemelding

Verksemdene kan melde inn aktuelle sommar- og ekstrajobbar på Framtidsfylket si heimeside framtidsfylket.no. Fleire bedrifter har allereie sagt seg villige til å prioritere søknader frå studentar med opptak i Sogn og Fjordane, når det gjeld sommar- og ekstrajobbar. Evt du kan melde til Øyvind Østrem. oyo@hvl.no

Bachelor- og masteroppgåver, aktuelle nettverkssamlingar og andre gode tiltak, kan de melde direkte inn til Øyvind Østrem på denne adressa: oyo@hvl.no

Omfanget av både sommar- og ekstrajobbar, og andre tiltak må dei få kartlagt så rakst som mulig. Det er i komande veker og månadar at studentane tar sine val. Då må vi være klare med våre tiltak slik at HVL får presentert det overfor studentane før dei gjer sine søknad- og studieval. Derfor ønskjer HVL dykkar tilbakemelding på dette snarast og aller helst innan 20. januar 2018.

Publisert: 12.01.2018 12:12