Nyheter

Polarny Maritime med storkontrakt for brasilianske Citrosuco

For første gang i historia skal eit containerskip byggast om til ein juicetankar. Og det av Florø verksemda Polarny Maritime.

Florø verksemda Polarny Maritime D&E AS har vunne kontrakt med verdas største produsent av appelsinjus! Men i tillegg til appelsinjusprodusent, er brasilianske Citrosuco også eit reiarlag for juicetankarar og jobben til Polarny Maritime inneber å teikne om containerskipet MV Hermes Arrow til ein juicetankar. Det er første gang i historia at ei slik ombygging er blitt gjennomført.

Tidlegare har den brasilianske verksemda bygd fire juicetankarar ved verftet i Florø. Denne gongen blei det ikkje nybygg, men ei ombygging som skal gjennomførast i Kina.

For Polarny Maritime betyr denne kontrakta at ein vil sysselsette ca. 15-20 ingeniørar i meir enn eit halvt år for å utføre alt ingeniørarbeidet som skal til for å få bygge om skipet og få det godkjent av DNV-GL. Arbeidet vert gjennomført ved hjelp av eigne tilsette og ved bruk av underleverandørar.

Gustav Johan Nydal i Polarny Maritime kan fortelje at kontrakta har kosta mykje ressursar og tid å dra i land. Brasilianske Citrosuco er ei verksemd han har kjent lenge, men ikkje hatt kontakt med på lang tid. For 2,5 år sidan blei denne kontakta gjenopptatt og sidan det har Polarny Maritime jobba jamt og trutt med å få oppdrag frå dei.

Polarny Maritime er allereie starta på teikningane av båten skal som leverast til hausten. Håpet er sjølvsagt at Citrosuco er godt fornøgd med jobben Polarny Maritime leverer, slik at det kan bli fleire oppdrag framover.

Publisert: 01.02.2018 14:56