Nyheter

Denne veka tar vi pulsen på: Norva24 Birkeland

Det siste 1 ½ året er de blitt kjend med medlemmane til Maritim Forening Sogn og Fjordane gjennom «vekas verksemd». No tar vi steget vidare med «fredagspulsen». Her tar vi pulsen på den havbaserte næringa i Sogn og Fjordane. Denne veka tar vi pulsen på sognebedrifta Norva24 Birkeland, og vi har tatt ein prat med kontrakts- og marknadsansvarleg Marte Sleire Hatlevik.

Fortell oss litt om status i di verksemd

Norva24 Birkeland er tidlegare kjent som Johnny Birkeland Transport. Me er ei ekte sognebedrift, som gjennom konsernstrukturen i Norva24 no dekker store delar av Sør-Norge. Med breie tenester innan høgtrykksspyling, røyrtenester, industritenester og transport av avfall, bygger me opp vår marknad innan industri og oljerelatert service. Det er i Sogn og Fjordane me har røtene våre, og me skal fortsatt satse på dei lokale marknadene med vår lange erfaring og fleksible løsningar tilpassa dei fleste- både private og store og små verksemder. Selskapet var tidleg på bana med tankreingjering på skip. Denne marknaden har forandra seg mykje dei seinare åra, og i dag ligg ofte tenesta som ein del av større anbodspakkar. Selskapet har teke erfaringa si med seg til meir landbasert industri, med reingjering av tankgårdar, anlegg og anna industri. Me har i dag avtale om industrireingjering på Statoil Mongstad, og har egne avdelingar i Odda, Stord, Haugesund og Bergen. Det siste året har selskapet også levert mykje til riggar som skal klassast og forberedast for vidare drift, med Njord som eit viktig prosjekt på Stord. Selskapet jobbar heile tida med utvikling, og me arbeider både med ny teknologi og mot nye marknader. Selskapet bygger opp kompetanse på røyrfornying og røyrinspeksjon. Me trur på spissing mot konkrete marknader og skal ruste oss til nye oppgangstider også innan tankreingjering.

Kva kundar samarbeider de med?

Selskapet leverer breie tjenester til private, kommunar, interkommunale selskap, industri og oljeselskap, hamner, skip og rederi, fiskeoppdrett og kraftselskap. Tjenestene er breie og oppdraga uregelmessige. På vinterstid må me jobbe ekstra hardt for å auke oppdragsmengda vår, i tillegg til å sikre høg kvalitet på dei faste leveransane våre.

Fortel oss litt om marknaden Norva24 Birkeland er ein del av

Me driv innan fleire marknadsområde, som ein både kan sjå i fellesskap og for seg sjølv. Alt dreier seg om store tyngre spesiallaga køyretøy. Aktiviteten er aukande. Behovet for tenester innan industri, røyrtenester, høgtrykk og handtering av massar veks. Me opplever aukande etterspørsel etter riggtenester når riggar i opplag skal ut i drift. Selskapet har bygd opp kompetanse på store komplekse industriprosjekt som til dømes reingjering av industribygg og produksjonshallar. I lang tid har oppdrettsnæringa hatt utfordringar med å finne gode nedstraumsløysingar for fiskeslam, dette problemet tok Norva24 Birkeland på alvor, og me tilbyr i dag innsamling og behandling ved kompostanlegget i Sløvåg. Kompostanlegget i Sløvåg er bygd ut med biologisk reinseanlegg, slik at me er godt rusta for framtidig vekst.

Sei noko om kva kompetanse som er strategisk viktig for dykk?

Me treng alltid flinke og folkelege sjåførar, helst med klasse CE sertifikat, og i tillegg operatørar som har erfaring med landanlegg og tyngre industri. Me spissar oss som tidlegare nemd innan høgtrykk og røyrfornying, og her er me spesielt interessert i kompetanse.

Kva tenker du om framtida?

Framtida er positiv! I tyngre tider for mange, klarer me oss relativt godt. Me har mange bein å stå på etter kvart, me veks og er del av eit større Norva24-lag, som drar godt i same retning. Den største utfordringa me ser er prispress i stabile marknader. Her finn me marknadsinntrengjarar som tenker meir på å stele marknadsandelar enn å levere kvalitet i tenestene. Dette er med på og endre måten me arbeider på. Den som ikkje endrar seg, døyr ut, så her må me være proaktive, leite etter meir effektive metodar for våre kundar og ta eit ansvar i ei grønare framtid. Tyngden vår gir oss muligheit til å skape og utføre eit breitt spekter av prosjekter.

Korleis kan Maritim Forening Sogn og Fjordane bistå inn i framtidsbilde?

Maritim Forening SF er allereie ein av dei aller beste framsnakkarane for næringslivet i Sogn og Fjordane. Fortset som de gjer, lag møteplassar og kople oss saman, det skapar vekst. Liten eller stor, alle dreg nytte av å kjenne til kvarandre og løfte kvarandre fram. Hjelp oss med marknadsføringa, gjer oss i fellesskap større enn me er, så lokkar me kanskje internasjonale marknader innan maritime og havbaserte næringar hit.

Publisert: 02.02.2018 10:08