Nyheter

Denne veka tar vi pulsen på: Fjord 1

Denne veka tar vi pulsen på Fjord1, Noregs største ferjeselskap med hovudkontor i Florø. Aktiviteten i verksemda er høg både i eksisterande samband, men og som følgje av at dei stadig vinn nye kontraktar. Vi har bedt dei ta ein liten fot i bakken, og tatt pulsen på kva som skjer i deira næring om dagen.

Fortel oss litt om status i di verksemd

Vi er til ei kvar tid opptekne av å sikre ei trygg og effektiv drift av 63 fartøy og 4 passasjerbåtar. Utover dette har vi naturlegvis også mange andre spennande prosjekt. I stikkordsform er noko av det vi held på med no mellom anna:
-Elektrifisering av dei norske fjordane, noko som betyr at vi har mange fartøy under bygging og etter kvart også under ombygging.
-Utvikle posisjonen vår som det leiande selskapet i næringa gjennom å auke fokuset på sikkerheit og gode kundeopplevingar.
-Effektivisere noverande kontraktsportefølje gjennom kostnadseffektivisering og meirkjøp.
-Anbodsberekning som skal sikre at vi opprettheld eksisterande kontraktar, samtidig som at vi også har ambisjonar om å vinne nye og lønsame kontraktar.
-Utvikling av selskapet si reiselivssatsing.\ -Utvikling av grøn teknologi.
-Utvikle nye og spennande forretningsområde.
-Medarbeidartrivsel og kompetanseutvikling.
-Kulturbygging.

I perioden 2016 til 2018 skal heile ferjemarknaden på knappe 130 samband ut på anbod og Fjord1 har i denne perioden vunne kontraktar i milliardklassen. Vårt mål er å vere marknadsleiar, og vi skal difor i tillegg til å behalde eksisterande kontraktar, også vinne nye og lønsame kontraktar.

Med 700.000 anløp i året er aktiviteten i Fjord1 alltid høg. I tillegg til desse har vi mange nye samband som skal startast opp. Dette krev mykje førebuing både knytt til straum, autopass, automatiske fortøyingsautomatar, ladetårn, nye oppstillingsplassar med meir. Vi har eit tett og viktig samarbeid med mange, både viktige premissleverandørar, men også oppdragsgjevarane våre som er Statens Vegvesen og dei ulike fylkeskommunane.

Haustens store satsing

Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs og vi har over lengre tid arbeidd målbevisst med å utvikle Fjord1 gjennom tydeleg fokus på leiing, medarbeidaroppfølging og -utvikling. Difor har ein av haustens store satsingar vore å gjennomføre medarbeidarsamlingar for alle våre tilsette. Heile 10 team og 1100 tilsette har vore igjennom dette viktige løftet, eit løft som vi trur vil vere eit av dei viktigaste verkemidla for at vi skal kunne halde fram som det leiande selskapet i næringa, og for at vi i fellesskap skal nå selskapet sine målsetnader dei kommande åra.

Fortel oss litt om marknaden Fjord1 er ein del av

Ferjenæringa har vore igjennom store endringar der vi har gått i frå å vere om lag 15 offentlege verksemder til å bli 4 heilkommersielle selskap: Fjord1, Torghatten, Norled og Boreal. Dei nye kontraktene er ikkje lenger nettokontrakter, men bruttokontrakter utan noko form for inntektsansvar der rammevilkår og reguleringar er føreseielege. Konkurransen mellom reiarlaga er også skjerpa. Tidlegare var det nemleg ikkje noko konkurranse mellom reiarlaga, og reiarlaga fekk tildelt konsesjonar ut i frå geografisk plassering. I dei nye kontraktane er konkurransen basert på pris og miljø.

Hausten 2015 bad stortinget regjeringa iverksette tiltak som sikrar at alle fylkeskommunale og kommunale ferjer og hurtigbåtar nyttar låg- eller nullutsleppteknologi ved nye anbod og på ruter i eigen regi. Det betyr kort og godt at heile ferjeflåten skal konvertere til grøn teknologi, noko som også har medført eit stort investeringsbehov innanfor næringa vår.

Det er generelt sett ein aukande etterspurnad av alle tenester. Det er fleire ferjer i operasjon, som også genererer fleire avgangar og skapar god flyt i trafikkbildet.

Sei noko om kva kompetanse som er strategisk viktig for dykk?

I 2017 tilsette vi heile 281 nye medarbeidarar, derimellom 19 nye i administrasjonen. Vi opplever at vi er ein attraktiv arbeidsgjevar og med heile 6000 søkjarar til våre ledige stillingar er det tydeleg at mange ønskjer å bli ein del av dette flotte laget.

Skal vi utvikle oss i takt med dei krava som vert stilt til oss, må vi sikre oss tilstrekkeleg med kompetanse innanfor fagområda økonomi, finans, innkjøp, HR, IKT, teknisk, operasjonell drift, catering, reiseliv, prosjektstyring med meir. I 2017 tilsette vi mange med teknisk bakgrunn og erfaring frå prosjektstyring. Dette har nok på mange måtar vore strategisk viktig for at vi skal oppnå selskapet sine målsetnader.

På veg inn i 2018 har vi fleire viktige satsingsområde, og vi kjem nok til å gjere tilsettingar som sikrar oss nødvendig kompetansen innanfor fleire av desse områda.

Kva tenker du om framtida?

Det er store omstillingar i næringa vår, og heile ferjeflåten skal konvertere til grøn teknologi. Dette medfører store investeringsbehov. Vi trur at det selskapet som har den mest effektive drifta vil bli vinnarane i framtida. Eit anna viktig stikkord er omstilling. Skal vi som selskap lykkast, så må vi vere dyktige på omstilling. Vidare har vi tru på at det selskapet som har den mest effektive drifta, også vil bli vinnaren.

Fjord1 skal såleis vere godt posisjonert for å møte framtida.

Korleis kan Maritim Forening bistå inn i framtidsbildet?

Maritim Forening må i framtida halde fram med å dele kunnskap om behov, moglegheiter og løysingar som gjennom eit godt samarbeid kan føre til nyskaping og vekst. Maritim Forening er ein viktig ambassadør for medlemmane, og gjennom god kjennskap til medlemsverksemdene vil foreininga også vere eit viktig bindeledd mellom verksemder og potensielle arbeidssøkjarar.

Publisert: 09.02.2018 08:14