Nyheter

Ny ressurs for Westcon Yard Florø

På mandag hadde Ronny Kjerpeseth sin første dag hos Westcon Yard Florø der han skal jobbe som marknad og sals koordinator for forretningsområdet skip. Ronny kjem frå stillinga som dagleg leiar hos skipsagentfirmaet K Jansen i Florø.

Hovudoppgåva til den nye marknad og sals koordinatoren er å skape meir aktivitet for forretningsområdet skip på verftet. Medan subseaavdelinga har fått ein oppsving i det siste og ser ei auke i førespurnader, har det vore meir utfordrande på skipssida. Ronny legg ikkje skjul på at det er vanskelege tider med mykje konkurranse, men som evig optimist lar han seg ikkje skremme av den grunn. Han er tydeleg på at verftet har mykje flinke folk med kompetanse innan både reparasjon, ombygging og nybygg. I tillegg kan Westcon tilby gode og moderne fasilitetar frå ein ypparleg plassering. Det er mange moglegheiter der ute, men han må ut å finne dei gode prosjekta som kan sikre verftet eit betre fundament og oppnå ei stabil ordremasse.

Mange næringar kan bidra til vekst

Ronny fortel at han vil ikkje fokusere å ei spesifikk næring i sin nye stilling. Verftet er godt rusta og forberedt til å serve mange ulike typar skip. Det er nærliggande å sjå til ferge i disse tide, men også fiskeflåta er interessant både med tanke på nybygg, ombygging og reparasjon. Takka vere gode underleverandørar, har Westcon Yard Florø også moglegheit til å ta på seg større prosjekt, som til dømes offshorefartøy. Han nemner også dei mange tankbåtane som går i skytteltrafikk til og frå Florø. Allereie i slutten av denne veka kjem ein tankbåt til verftet, som vil aktivisere dei fleste fagområde, både røyr, stål og maskin. Det er lagt opp til at dette gir jobb ut februar månad.

Nettverksbygging blir essensielt

Ronny kan fortelje at han gler seg til å kome i gang med jobben og reise rundt for å kjempe for oppdrag som kan skape god aktivitet til regionen. Han ønsker å vere ein ambassadør for Florø og promotere byen som ein hub for maritime operasjonar. Nettverksbygging var viktig i hans tidlegare jobb og vil vere minst like viktig framover. Han vil fortsette å vere til stades på Maritim Forening Sogn & Fjordane sine arena i tillegg til å ta ein aktiv rolle mot kundar utanfor fylket.

Vi gratulerer Ronny med ny jobb og ønsker han lukke til i Westcon Yard Florø !

Publisert: 09.02.2018 08:12